Hopp til hovedinnhold (trykk enter)
Arkivplan.no

Arkivplan for Giske kommune

Giske kommune sin første felles arkivplan blei vedteken i K-sak 47/99.

Giske kommmune sin arkivplan ligg no i Arkivplan.no (giske.arkivplan.no)  og beskriv Giske kommune sitt arkiv.

Under pkt. Arkivdepot finn ein oversikt over eldre arkivmateriale

Arkivplanen skal vere retningsgjevande for all dokumenthandtering i Giske kommune.

Arkivlova med forskrifter ligg til grunn for retningslinene. Arkivplanen skal sikre at Giske kommune ivaretek arkivansvaret sitt etter arkivlova sin § 6: "Offentlege organ plikter å ha arkiv, og desse skal vere ordna og innretta slik at dokumenta er sikra som informasjonskjelder for samtid og ettertid."

Arkivplanen for Giske kommune er ein total plan for organiseringa av arkivtenesta, samt ei oversikt for rutinane som gjeld etablering, bevaring og bruk av arkiva. Planen skal vere eit verktøy for å kvalitetssikre arkivfunksjonane i kommunen. Arkivplanen skal revideast når det skjer endringar i organisasjonen eller saksgang. For at planen til ei kvar tid skal vere aktuell, må den jamnleg oppdaterast og ajourførast. Arkivplanen skal  godkjennast av kommunedirektøren. Dei avslutta arkivplanane skal arkiverast.

I kommunen er det kommunedirektøren som har det overordna arkivansvaret (jfr. Arkivforskrifta §1-1) Kommunedirektøren har delegert det administrative ansvaret for arkivet til leiar for servicekontoret og arkivleiar har det det faglege ansvaret for kommunen si arkivteneste.

Giske kommune

Dag Olav Tennfjord

kommunedirektør